Her kommer det biografier av spellemenn, sangere og dansere fra Rindal

OLa O Romundstad

Ola O. Romundstad vart fødd 15 mars 1864 på øya Aukra utanfor Molde. Far hans, Ola, dreiv prestegarden der ute. Ola hadde to brør og tre søstre, og var sjølv nest eldst i søskenflokken. Fem av søskena reiste etterkvart til Amerika, mellom anna begge brørne hans. Foreldra til Ola kjepte etterkvart garden Negard Romundstad i Romundstadbygda, Rindal, og dei flytta dit før Ola begynte på skulen. Ola gifta seg etterkvart med ei jente fra nabogarden Østistu Romundstad - Guri. Guri kom fra ein musikalsk heim; det vart sunge mykje, og mellom anna laga far hennar, Peder, eigne salmodikonar'. - ein kunst Ola og kunne. Guri og Ola fekk etterkvart tre barn: Ola, Marit og Sigrid.

Ola må kunne seiast og vere eit heller atypisk eksemplar av den gjengse Rindalsbonden. Han dreiv utveksling i stor stil av både fror og hønseegg som han fekk fra brørne sine 1 Amerika, dyrka urter 1 kjøkkenhagen og laga eigne salmodikonar. Han var ein dyktig snekkar og i tillegg hjelpte han til på gardane i bygda når det var sjuke dyr, til dømes pumpa han kyr som hadde mjølkefeber. Guri bidrog ogsa med sin kunnskap; mellom anna hadde ho oppgaven som jordmor for det vart oppretta ei fast jordmorstilling i bygda. Ho reiste rundt på gardane og hjalp såleis til ved svært mange fødslar gjennom eit langt liv. I tillegg til og lære seg musikk sa vel praksis som teori på eiga hand på kveldstid, dreiv Ola med bokbinderi der han laga bøker med avisutklipp av alle tenkelege slag; lindyrking "Medicinske "Nogleraad tilunge maend' og Griegs dad og gravferd, for & nemne noko, Ola vart ein sentral person 1 musikklivet 1 bygda. Mellom anna vart hansom organist ein ressurs 1 samband med framveksta av kor og korleiing i bygda

Organistgjerninga

Ola hadde ikkje sa mykje utdanning, og var i stor grad autodidakt (sjølvlært). I følgje han sjølv, fekk han den første undervisninga i musikk i folkeskulen av lærar Arne Lunde. Som nemnt lerte han seg notar pa eiga hand på kvelds- og nattestid, og rett etter konfirmasjonen ha dde han skaffa seg eit lite husorgel som han spelte pa. Organistutdanninga hans besto av 5 timars undervisning hos organist I. N. Brønner i Var Frue kirke i Trondheim. Brønner vart nemleg beden om og vere ansvarleg ved utval og innkjøp av nytt orgel til Rindalskyrkja. I samband med dette hadde Ola som kommande organist i kyrkja jamnleg kontakt med Brønner, både ved brev og fleire besøk i Trondheim, og fekk såleis ta del i Brenner sin kunnskap både om orgeltekniske ting - til dømes vedlikehald, kvalitetsdiskusjon med omsyn til ulike orgeltypar, repertoar og så vidare- og på andre musikalske område. Han fekk etter “endt utdanning” ein attest av Brønner med følgande tekst:
Hr. Ole O. Romundstad der har mottaget 5 Timers Undervisning af mig i Orgelspil har vist sig i Besiddelse af saamegen Forkundskab Faerdighed og Øvelse, at han strax kan overtage Tjenesten som Organist i en Landskirke, og vil ved fortsat Øvelse blive en flink Landsorganist hvilket herved attesteres efter Anmodning.

Trondhjem 5te Februar 1894

I.N. Bronner Organist

vor Frue Kirke

At Ola hadde mykje og god kontakt med Brønner, vitnar dei mange bevarte breva etter han om. Mellom anna skriv Brønner 1 eitt av dei at han gjerne kunne tenke seg og komme til Rindalen og halde konsert når det nye orglet er på plass. (..)en sondag efter Gudstjenesten antagelig - og at han er i gang med å sette fast rammene for ein slik konsert. Han har her lagt ved eit utkast til konsertprogram og diskuterer ulike sider ved den praktiske tilrettelegginga og gjennomforinga av konserten. Sidan han meiner orglet som skal komme er eit godt instrument, ivrar han for å få denne konserten i stand.

Rindal kyrkje fekk det første orgelet i 1894, og den 30 år gamle Ola tok da til som organist her - same år som han hadde gått i lære hos organist Brønner. Øvre Rindal kapell fekk orgel i 1927, og Ola vart da organist bade i hovudkyrkja og i kapellet. I den forste tida som organist brukte Ola framleis dette lille orgelet han hadde skaffa seg heime til å lære meir, og etterkvart harmonisere koralar og komponere litt sjølv. Da Rindalskyrkja fekk nytt orgel atti siste halvdel av 40-ara, fekk Ola overta det forste instrumentet som vart innkjeopt i 1894. Han fekk kjøpe det for kr. 600,- som var noko billigare enn innkjøpsprisen sidan han, som han sjølv 0g uttykte det, var' "(...) satt på sultelønn i mange år."

Tekst Marit Løfaldli